Ofte stilte spørsmål
Korleis kan eg bli medlem i Slekt og Data og kor mykje kostar eit medlemskap?
Oppdatert informasjon og prisar finn du til einkvar tid i innmeldingskjema på denne lenken.
Vi tilbyr medlemskap for ordinære medlemmar, husstandsmedlemmar og ungdoms-/studentmedlemskap (for dei under 30 år). Kontingenten gjeld eit år frå innmeldingsdato.
Alle med hovudmedlemskap får medlemsbladet tilsendt i posten. Husstandsmedlemmar og ungdoms- og studentmedlemmar (under 30 år) får tilgang til medlemsbladet digitalt.
Kan eg delta på møta sjølv om eg bur i eit anna fylke?
Ja, det kan du. Dette gjeld både opne møter, medlemsmøter og kurs. Uansett kor du er medlem i Slekt og Data så kan du delta på arrangement andre stader enn der du er medlem.
Er møta opne for alle, eller må eg være medlem?
Alle er velkomne til å delta på Slekt og Data Sogn og Fjordane sine møter, og du kan bli medlem etter å ha besøkt oss for å sjå korleis vi har det. Vi er sikre på at du vil finne det nyttig i slektsgranskninga, og vi set naturligvis pris på at kanskje får du og lyst til å bli medlem i Noregs største organisasjon for alle som er interessert i slekts- og personhistorie.