Temakveld DNA - Februar 2024
YDNA med Arne Solli Førsteamanuensis, historie ved UiB
Innhold
Ein DNA-verkstad for deg som har fått YDNA-resultat frå Family Tree DNA (FT DNA). Med test frå FT DNA kan du få tre typar resultat frå test på Y-kromosomet (Y-DNA). Felles er at desse er lite sjølvforklårande og har ulike bruksmåtar og gjev rom for ulike tolkingar. Bruksmåtane er ulike: Nokre er på jakt etter lange linjer, og då talar vi om 1000-vis av år, medan andre er på jakt etter forfedre (far) i nære ledd. På DNA-verkstaden vil vi gå gjennom dei ulike test-resultata (produkta), fordelar og ulemper, korleis bruke dei og korleis tolke dei.