Kollasj: Tegning av at Titanic synker + Sigurd i kiste
Farfar som omkom på Titanic
Far min vart fødd nær seks månader etter at Titanic hadde teke far hans sitt liv. Farfaren min, Sigurd, kom aldri heim – berre i ei kiste. Han var den einaste nordmannen frå forliset som fekk kvila i norsk jord.

Farfar Sigurd og farmor Inga møttest truleg i Frikirka. Dei forlova seg i 1907. Sigurd arbeidde då som «møbelsnedkersvend» i Ålesund, medan Inga var veverske i Langevåg. Dei gifta seg 4. juli 1908 i Ørskog kyrkje. Forlovaren til Sigurd var svigerfaren Jørgen, noko som tyder på at hans eigen far truleg ikkje var til stades. Forlovaren til Inga var hennar farbror (onkel), Nils A. Hatlevik.

Sigurd fekk seg arbeid som lærling hos møbelsnikkar K.J. Maaseide i Ålesund. Der vart han i om lag tre år. I mellomtida fekk dei sitt første barn, sonen Johannes, fødd 18. juni 1909.

 

Flytta til Bergen

Sigurd søkte seg deretter jobb hos Einar Kalands orgelfabrikk i Bergen – og fekk stillinga. I mai 1910 flytta den vesle familien dit, saman med Inga si søster, Hanna Kristine. Ei anna søster, Ida, hadde alt budd i Bergen og jobba som «papperske» på ein skofabrikk, men ho valde å reisa tilbake til Ålesund.

...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.

Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.

Les mer om

Annonse: