Miste foreldra
Foreldra til Eli var Lars Guttormson og Thuri Oladatter Holane. Dei gifte seg i Arnafjord kyrkje i Vik kommune i 1834. Saman fekk dei elleve born, men fem av dei døydde kort tid etter fødselen.
Ettervinteren 1855 skjer det som ikkje skulle skje. Oddgeir Bruaset beskriv det slik:
«Ein dag i overgangen mellom vinter og vår i året 1855 drog mannen ut på ein av sine tallause jaktturar. Huslyden trong mat, og som så mang ein gong laut mannen setje si lit til rypesnarene sine. I kveldinga skulle han vende heim til dei ventande med fugl i sekken. Men denne kvelden kom ikkje mannen heim att. Han kom først då grannane hadde grave han fram frå snøskredskavlane og bore han livlaus heim på ei båre snikra i skogen. Berre tre dagar etter fødde Turi det tolvte barnet deira, ei dotter. Ho kom så altfor tidleg, vesle Eli. Sjokket som Turi fekk då mennene bar Lars heim, hadde nok framskunda fødselen. Likevel greidde ho seg, veslejenta. Det gjekk verre med mora. Turi fekk barselfeber, det var ein sjukdom det fanst fårådgjerder mot når den først fekk overtaket. Nokre dagar etter at jenta kom til verda, fall også mora ifrå. På vel ei veke miste dei sju borna både mora og faren. Den eldste var 23 år, den yngste seks dagar gamal».
...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.
Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.