Bibelen etter Marianne Ødegård. Foto: Jens Romslo
Husa på Sygarden-Ødegård i Smøla i Møre og Romsdal er frå 1880-åra og var i si tid bygd for lærar og kommunepolitikar Ole Soleim med familie. I slutten av 1930-åra flytta foreldra mine dit, men sidan 1990-åra har dei stått ubebodd.
I husa er det tatt vare på det meste opp gjennom åra. Å vekse opp mellom gamle bøker og skrifter vart ein naturleg del av oppveksten, utan at eg visste kva som faktisk stod i bøkene. Då eg for nokre år sidan heilt tilfeldig var innom stova igjen, plukka eg ut ei bok frå bokskapet.
Det viste seg å vera ein bibel. Inni bibelen var det skrive namn på ein familie: Anders Gjersvold frå Røros (fødd 1864), som var gift med Marianne Ødegård frå Smøla (f. 1858). Dei hadde ungane, som alle var fødd på Røros, John Arthur (f. 1891), Otto Margido (f. 1893) og Reidar Johannes Gjersvold (f. 1895).
...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.
Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.