Thumbnail
Når du er «ferdig» med kyrkjebøkene, kva då?
Kyrkjebøker og folketeljingar er våre viktigaste kjelder, men ein gong vil behovet for å gå vidare melde seg. Jonny Lyngstad guidar deg inn i kjeldejungelen.

Gå vidare for å få tak i fleire opplysningar

- Ein blir aldri ferdig med kyrkjebøkene og folketeljingane, men ein må gå vidare for å få tak i fleire opplysningar. For 30 år sidan hadde eg gått gjennom folketeljingane og kyrkjebøkene og funne dei opplysningane eg trengte. No bruker eg dei berre til å kontrollere opplysningane eg har funne. Som fadderar eg står fast ved på 1700-talet, for å sjekke om det var dødfødde i ein familie eller for å sjå om det står noko i kommentarfeltet, seier Jonny Lyngstad, medlem av Slekt og Data sitt styre.

Fotograferer funna sine

Men kor går ein vidare? For Lyngstad, til liks med enkelte andre, var skifte-, retts- og pantebøkene det neste steget. Han begynte også å reise til Statsarkivet i Trondheim, og sat bøygd over bøkene og ulike dokument ei vekes tid kvart år. Før fekk han materialet kopiert eller skreiv det av sjølv, no har han med seg kameraet og avfotograferer viktige opplysningar.

På Riksarkivet finn du mellom anna arkiva etter den statlige sentraladministrasjonen og arkiva etter Høgsterett. Riksarkivet har også arkiva etter privatpersonar og organisasjonar. Statsarkivet har fylkesarkiva og ein del kommunalt arkivmateriale.

...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.

Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.

Relaterte lenker