Thumbnail
Sanninga vi aldri snakka om
To ektepar, bror og søster, gift og busett på kvar sitt gardsbruk med få kilometer imellom. Eit liv i hardt arbeid, med høg kristen moral og dømande folkesnakk. Hadde dei verkeleg tid og lyst til utruskap då?

(Flere bilder blir lagt til i artikkelen neste uke).

Eg har vokse opp på Nordvestlandet, med ei kjær mormor som kom frå Sørreisa i Troms. Ho var dotter til Joakim og Marit Sørstrøm, gardbrukarar på Mellaholtet. Mormor hadde flust av gode barndomsminner som ho gjerne fortalte om. Ho lo lett og vart glad av å tenke på oppveksten sin, men ho senka stemmen litt når ho fortalte at foreldra var søskenbarn. Det var nok eit lite tabu.

Generasjonen bak, mine fire tippoldeforeldre, visste eg lite om. Sikkert fordi eg var for ung til å høyre etter. Då eg endeleg begynte å stille spørsmål, vart det klart at det også var andre ting i familiehistoria som var eit tabu. Særleg var tippoldemor Abelone si skjebne eit mørkt kapittel.

...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.

Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.