Tysvær kommune, med sine 10 000 innbyggjarar, er sentralt plassert på Haugalandet og grensar mot kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Sveio og Vindafjord. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km søraust for Haugesund.
Vindafjord kommune og Ølen kommune vart slått saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.