Seksuelle overgrep mot barn i norsk rettshistorie
Seksuelt misbruk av barn har lenge vore eit stort tabu, og det er først i dei seinare tiåra at ein verkeleg har begynt å ane kor stor del av befolkninga som har blitt utsett for slike overgrep. Både dei allmenne haldningane og den rettslege handsaming av slike saker har gjennomgått store endringar.

Om kjeldene

I den følgjande undersøkinga har det mellom anna blitt nytta to ulike primærkjelder frå domstolane for å undersøke korleis dei rettslege aktørane og samfunnet generelt har handtert slike saker frå 1600-talet og fram til i dag.

For det første har det blitt nytta digitale søk i dei transkriberte tingbøkene som er tilgjengeleg via Digitalarkivet. Når ein søker i desse protokollane er det viktig å nytte tidsriktig terminologi, i dette tilfellet t.d. «baren(/barn)», «pige» og «omgiengelse». Vidare må ein gå igjennom treffa manuelt for å plukke ut relevante saker. Om ein ønskjer å undersøke hendingar knytt til spesifikke person- eller gardsnamn, kan ein også søke etter dette.

Frå 1836 har ein gjennom tidsskriftet Norsk Retstidende publiserte høgsterettsdommar. Ved å til dømes nytte lovregisteret Lov og Dom av Tom Arbo Høeg, kan ein vidare finne Retstidende-referansar til alle høgsterettsavgjerder som refererer til spesifikke strafferettsparagrafar. Både Retstidende og det nemnde registeret er tilgjengeleg via Nasjonalbibliotekets nettsider. Lov og dom er eit register i bokform som er utarbeida frå dei publiserte høgsterettsdommane i Retstidende (frå og med 1836). Om ein er på utkikk etter spesifikke straffebrot (til dømes overgrep mot born), og finn ut kva paragraf i lova som omhandlar dette (til dømes kriminallova av 1842 kap. 18 §19), kan ein finne referanse (årstal og sidetal i Retstidende) til alle publiserte høgsterettssaker som omhandlar dette. Sjølve sakene finn ein i Retstidende, som er utgjeve og tilgjengeleg i heile årgangar.

...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.

Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.