Då eg for nokre år sidan såg nærmare på ei rettssak, dukka det opp eit ord eg tidlegare berre så vidt kjende til. Saka gjaldt ein 65 år gammal bakar som blei dømt for seksuelle forhold til menn på 1890-talet i Porsgrunn. I dommen blei det også referert til ein episode nokre år tidlegare:
«En gang blev han i Skien beskyldt for at være Tvetulling, hvilket var skrevet op paa en Paplap, der var Ophængt [...] og som Følge heraf blev han af flere Mandfolk antastet (SAK: Porsgrunn byrett, forhørsrettsprot. 1, folio 60b.).»
Av dette kan me slutta at omgrepet «tvetulling» sannsynlegvis var eit kjend omgrep både for dommaren og befolkninga i Skien på slutten av 1800-talet. Når nokon hang opp ein lapp om at vedkommande var «tvetulling» resulterte det openbert i at han blei oppsøkt av ei rekke menn. Folk kan me andre ord ha lagt det same i ordet som me i dag legg i homofil.
...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.
Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.