Intervjua 21 kvinner
Kulturhistorikar Siv Ringdal disputerte i vår med av- handlinga «Kroppens transformasjoner blant unge Agder-kvinner i New York i perioden 1945-1965». Denne tek for seg utvandringsperioden i Norge mellom 1945 og 1965. Her har ho intervjua 21 kvinner frå den siste utvandringsgenerasjonen til USA om deira møte med det nye landet og livet dei fekk der.
– For å kome i kontakt med desse kvinnene var eg mellom anna ute i nokre lokalaviser og fortalte kva eg skulle gjere, og bad om å kome i kontakt med aktuelle kvinner. Det fekk eg ikkje så mykje napp på. Eg har oppdaga at det er vanskelegare å få tak i kvinner, då dei ofte føler dei ikkje har ei historie det er verdt å fortelje om. Men eg blei kontakta av nokre personar som kjente kvinner eg burde ta snakke med. Eg brukte også nettverket eg hadde frå før, både i USA og Norge, seier Siv Ringdal, som kjenner migrasjonshistoria godt etter å ha jobba med tematikken i mange år. Ho har også skrive bøkene «Lapskaus Boulevard» og «Det amerikanske Lista. Med 110 volt i huset».
Kring 9000 personar utvandra
Kvifor akkurat jenter frå Agder-fylka er brukt som informantar skuldast at det var frå dette området mykje av utvandringa fann stad i etterkrigstida. Ein reknar med at nærmare 9000 personar utvandra herifrå i denne perioden. Kring halvparten av dei var kvinner, ofte unge og ugifte. Det var også alle informantane til Ringdal då dei drog. Dei 21 er fødd mellom 1924 og 1945, flesteparten på 1930-talet. Den første reiste i 1947 og den siste på 1960-tallet. I følgje Statistisk sentralbyrå var det 2106 personar som utvandra til USA i 1948. Mellom 1961 og 1965 var årsgjennomsnittet 2325.
...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.
Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.