Slektsforskning anerkjennes
I meldingen kan vi blant annet lese følgende:
Samtidig som økonomi, politikk, kultur og den offentlege samtalen blir globalisert, ser vi òg ei stigande interesse for det lokale og det nasjonale. Mange søkjer mot røtene sine, anten det er å granske si eiga slektshistorie eller fellesskapets historie lokalt, regionalt eller nasjonalt. Det blir stadig viktigare å gjere tilgjengeleg og formidle kulturarven. I dette arbeidet er både dokumentasjon og vern gjennom bruk viktig. Her har bibliotek, arkiv og museum eit særleg viktig oppdrag.
Arbeidet til frivillige organisasjoner blir også trukket frem:
Fleire organisasjonar arbeider også for å dokumentere og føre vidare levande immateriell kulturarv.
Betydningen av digitalisering og tilgjengeliggjøring av kulturarvmateriale
Det er også pekt på hvor viktig det er for demokratiet og enkeltmennesket, at arkivmateriale er tilgjengelig for allmennheten:
Ved hjelp av digital teknologi kan kulturarven formidlast og gjerast tilgjengeleg for fleire og gi betre føresetnader for å forstå samfunnet og korleis dagens samfunn blei til. Ikkje minst gir det kvar enkelt høve til sjølv å undersøkje sanningsgehalten i dei forteljingane om kultur og identitet som blir presenterte. Tilgang til historia og kulturarven er ein demokratisk rett. Alle skal derfor ha enkel tilgang til den felles kulturarven, og mest mogleg kulturarvmateriale må bevarast og gjerast allment tilgjengeleg for framtida.