Slekt og Data er Noregs største organisasjon for slektsgranskarar. Det er ein ideell, frivillig kulturorganisasjon med landsomfattande verksemd. Telemark har eige distriktslag, og no blir det skipa ei slektsgruppe i Vinje.
Alle familiar har sine eigne historier. Gjennom slektsgransking bidrar ein til å forstå og bevare kunnskapen om vår fortid. Kanskje kan ein også lære noko om eigen identitet og samtid. Menneske har alltid ønskt seg kunnskap om røtene sine. Slektsgransking er i dag meir relevant enn nokon gong. Aldri har verda gått raskare, og aldri har vi hatt meir informasjon så lett tilgjengeleg som vi har i dag, men mange treng eit sosialt miljø og hjelp til å komme i gang med eiga slektsgransking. Interessa for lokalhistorie, eiga historie og slektas identitet har alltid stått støtt i Vest-Telemark. No har du sjansen til å bli med i ei lokal slektsgranskargruppe!
Gruppa blir skipa som eit samarbeid mellom Lokalhistorisk Arkiv - Vinje kommune og Slekt og Data Telemark.
Tysdag 30. mai blir det stiftingsmøte på Raulandsakademiet kl. 18.00. Her blir det også foredrag med temaet «Korleis lage si eiga slektsbok». Enkel servering, alle er hjarteleg velkomne!
Kontaktinformasjon:
Lokalhistorisk Arkiv: Frøydis Fossli, froydis.fossli@vinje.kommune.no tlf 91888453
Slekt og Data Telemark: Leder Hans-Olav Oldrup Johnsen, leder@te.slektogdata.no tlf 91607967
Når holdes møtene?
Vi har stifingsmøte 30. mai, klokken 18.00.
Hvor holdes møtene?
Fyrste møte holdes på Raulandakademiet
Mer informasjon om møtene