Thumbnail
Livnæring langs kysten
Fiskerinæringa starta for fullt då Norge byrja å eksportere tørka torsk og sild til England på 1100-talet. Sidan har hundretusen av menneske levd ved og av kysten. Her får du nokre tips til kor du kan finne dei.

Stabilt i fleire hundre år

Ketil Zachariassen, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø, seier livet i fiskerisamfunna haldt seg relativt stabile i fleire hundre år. Ofte var det lite som endra seg i livsløpet frå bestefar til far til son. Langs kysten budde desse folka, av og til i større bygder med mange personar, andre gongar i enkle gardsbruk langt frå andre menneske. Men uavhengig av korleis dei budde var livet nokon lunde likt. Det var styrt av sesongane og du måtte stå på fleire bein for å overleve. Når dei ikkje var på fiske var det andre gjeremål som stod for tur, som, slåtten eller å skaffe brensel til kaldare tider i form av vedhogst og torving. Alt dette tok mykje tid.

Ein får eit skulesystem i Norge frå 1700-tallet. I fiskerisamfunna gjekk ein gjerne på skule nokre veker kvart halvår, før ein drog på sitt første fiske etter konfirmasjonen.

Sesongstyrt fiske

Til liks med livet var også fisket sesongstyrt. Frå sildefiske til makrellfiske til lofotfiske. Til Lofoten rodde menn frå heile nordre del av kysten, frå Finnmark til NordTrøndelag. Ein rykka inn til rorbuene i fiskeværa og la ut i opne båtar, med to til ti mann, for å hauste inn av det havet hadde å gi. Til dette brukte ein Nordlandsbåtar, som både kunne ros og seglast. Ein reknar med at opp mot 100 000 fiskarar kunne delta i dei store sesongfiskeria og då var dei vekke frå heimen i opp mot to månader.

...resten av denne artikkelen er kun tilgjengelig for medlemmer.

Logg inn for å se innholdet, eller bli medlem for å få tilgang.