I eit rosemåla skrin frå 1845 låg ein bunke amerikabrev etter bestefar. Dei var handskrivne på norsk og adressert til broder Jens med familie. Søster Josephine eller Josie hadde skrive halvparten. Ein eldre slektning gav meg informasjon om bestefar sine sju utvandra søsken, men Josephine var ikkje blant dei. Så kven var ho eigentleg?